Samspel

Fram til 16.mai står utstillinga Samspel på Husnes bibliotek. Der får eg vera med saman med seks kreative sjeler
…
Komande utstilling:
Og så kjem sommaren 2025. og me tar turen til Fjelberg
Det blir nok ei samling i prestegarden på Fjelberg. Jan Ove har gudsteneste i ærverdige Fjelberg kyrkje, og me inviterer til kyrkjekaffi og utstilling i prestegarden.
2024:
Bømlo fredag 25.10 kl 19.00:
Jan Ove og eg gjesta KKUL si samling på Ungdomsheimen på Sortland/Bremnes, fredag 25.10 med temaet «Spøk og alvor får oldemor sine dagar». Ein del mindre maleri, eit godt utval kort og nokre bøker blei med dit, og det var stas å møta sp mange kjende. Me nytta høve til å invitera heile flokken på besøk til Epleehagen 24.mai.
*
Lørdag 9.11 var det julemarknad på Sunde båthus, 11-16.
Julemarked, Skudeneshavn, 7.-8. desember
Festivalkunstnar på Skudefestivalen 2024! Eg fekk æra av å vera festivalkunstnar i år. Den årlege festivalen i Skudeneshavn gjekk føre seg 4.-7.juli, og eg fekk det ærverdige Bytunet til disposisjon.
O fryd! Heile 35 maleri fekk ny heim desse dagane.
Festivalplakaten måtte sjølvsagt ha paraplyar, sidan det nærast er blitt fingeravtrykket mitt.
Plakaten kan kjøpast signert, innramma, inkludert porto for kr 400,/ ved bestilling på sms 98060938.

:::::
I Eplehagen 48 på Valen er det til ei kvar tid utstilling på veggane i sokkeletasjen. Det er «Ope galleri» her ein gong i mellom. Elles kan det svært gjerne avtalast besøk: sms 98060938.
:::::
Tidlegare: 2023
Marknad på Sunde. 11.november, kl 13-16.
Sæbøvik, 18. november kl 12.00.
Eg var gjest hos Misjonskirken på Gjestegården og heldt foredraget: Når livet snur
Tidlegare turar ut i verda:
I august har Jan Ove og eg vore i Fjelberg gamle prestegard, med utstilling i almuestova.

Haustutstilling på Valen, 22.-23. oktober, på Bygdehuset.
Me er tre malande og teiknande damer på Valen som inviterer til haustutstilling i Bygdahuset på Valen.
Gerd Lilleng bruker for det meste pastellkritt.
Eva Handeland Sjo teiknar.
Eg har med meg akrylmaleri og bøker og kort.