Kintsukuroi – å reparera med gull.

Når alt går i knas, når sjølve livet går i knas, kan alt synast håplaust. Då ligg bitane der, som ei kjeramikk-krukke som er blitt knust. Det er ikkje eit vakkert syn. Bitane kan ikkje brukast til noko.

Kjeramikk-krukka kan vel limast, men blir aldri som før. Likevel er det håp. Med kintsukuroi kan den bli ny, – og kanskje både finare og sterkare.

Kintsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.


Eg kombinerer denne japanske kunsten med sommarfuglsymbolet i desse maleria. Sommarfuglen er eit kraftfullt symbolet for fornying og forvandling. I trua mi er det også symbol på oppstandelsen og det evige håpet, slik me finn det på gamle støypejernskrossar på gravplassane.

Dermed måtte det bli sommarfuglane som kjem med gullet som skal brukast til å reparera det knuste karet.

Sommarfuglen – symbolet for håp.

Tidlegare sommarfuglar:

Sommarfuglane er også på kort: 14×14 cm, doble m konvolutt, kr 30:

Gåveboka Håp, handlar om sommarfuglen. Første del er historia om Den eine og Den andre som trur alt håp er ute. Men så skjer det noko. – Andre delen fortel om håpet som symbol.

Boka er 15x15cm, kr 50 + porto. Heile boka kan lesast digitalt: https://garborgogskou.blogspot.com/2020/03/hap-marit-elisebet-hines-totland-tekst.html