Nostalgi

Av og til drøymer ein seg tilbake til Skudeneshavn.

Vikeholmen fyr er eit obligatorisk motiv for alle malarar som er frå Skudeneshavn eller er innom staden. Eg har malt fyret slik det ein gong var: Med rødt dagmerke. Det skulle visa veg på dagtid. I mørkret var lyset tent under kuppelen på sørsida. Bildet utan båtar har ein så låg pris fordi det er korrigert fleire gonger og er derfor ikkje heilt bra maleteknisk.