Eg helsar deg, haust!

30×40 cm, kr 1200,- seld
Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
du lova meg aldri det slag,
broren din, våren, han lovar så raust,
han lovar kvar einaste dag,
men lovnaden gløymer han ofte så fort,
han held ikkje meir enn han vil
og var det eit vonbrot han ikkje fekk gjort
så hjelpte nok sommaren til.

Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
du lovar meg aldri det slag,
Men open og ærleg og trugen og traust
det er du frå dag til dag.
Du seier som sant er og slær ikkje av;
eg stormar, eg ruskar , eg riv,
eg møter med kulde, med død og med grav
det fallande, folnande liv.

Eg helsar deg haust, av heile mi sjel,
eg helsar deg, herlege haust.
Du lovar meg inkje, men kjem likevel
med gåver så rikt og så raust.
Ja, ofte kom du med ein soldag attpå
som inkje var ventan' ein gong
og lia var gullgul, og fjella blå
og livet var solskin og song.

Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
og takkar for alt som du gav,
for storm frå nordvest og græl ifrå aust
og båra som braut over hav
for sola som lyste så longt over land
når byga frå nord spakna av
for livet som loga i bål og i brann
den stunda det sig i hav.

Henrik Straumsheim, (1893-1975)

Kintsukuroi – å reparera med gull.

Når alt går i knas, når sjølve livet går i knas, kan alt synast håplaust. Då ligg bitane der, som ei kjeramikk-krukke som er blitt knust. Det er ikkje eit vakkert syn. Bitane kan ikkje brukast til noko.

Kjeramikk-krukka kan vel limast, men blir aldri som før. Likevel er det håp. Med kintsukuroi kan den bli ny, – og kanskje både finare og sterkare.

Kintsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.


Eg kombinerer denne japanske kunsten med sommarfuglsymbolet i desse maleria. Sommarfuglen er eit kraftfullt symbolet for fornying og forvandling. I trua mi er det også symbol på oppstandelsen og det evige håpet, slik me finn det på gamle støypejernskrossar på gravplassane.

Dermed måtte det bli sommarfuglane som kjem med gullet som skal brukast til å reparera det knuste karet.