Eg har strevd med å fotografera maleri med mørke blå- og grønfargar. Kameraet på den nye mobilen gjengir dei slik eg at kan presentera dei. Her er eit knippe.
Vigeholmen fyr, 40×40 kr 1800,50x50cm, 1800,-24×30 cm,kr 900,-40×50 cm, kr 1800,-30×30 cm, kr 1000,-40×50 cm, kr 2000,-
I vår stod utstillinga «Samspel» på biblioteket på Husnes fordi me – ein gjeng lokale kunstnarar som har slått oss saman – hadde lyst å visa fram det mangfaldige arbeidet vårt. Takk til alle som kom innom og gav så oppmuntrande heiarop.
Etter 100 dagars malepause, blei det nye paraplyar. Men med nytt innhald. For her er håpet tydelegare enn før: Mitt Soria Moria. Og håpet der framme, om fred, måtte vera i gull, ekte gull. Så ekte du får det i bladgull.