Om Marit E. H. T.

Mitt fulle namn er etter kvart blitt Marit Elisebet Høines Totland. Eg tok mine første steg ut i verda i Skudeneshavn. Der fekk eg historieinteresse og havluft inn med morsmelka.

Utan å ha lagt nokon stor plan for kva livet skulle by på, blei eg etter kvart ungdomsarbeidar, lærar, dagleg leiar, ordførar, statssekretær, sjukehusdirektør og administrasjonssjef. Men ingen av desse titlane var til noko hjelp då ryggen «stengde ned» for 15 år sidan. Då var det godt at eg makta å halda ein pensel, sjølv om eg ikkje kunne mala. Men etter å ha malt og malt og malt, har eg funne min stil.

Historieinteressa eg arva etter far min, har ført til at ein del lokalhistoriske hefte har sett dagens lys. Historiske romanar og ei sakprosa bok med innhald frå 1800-talet er det også blitt. Meir om dette i bloggen «Bøker er bra» som du finn i menyen her.

No bur eg på Valen saman med Jan Ove, kor me har ein stor familie rundt oss til tider.

Av og til drar Jan Ove og eg rundt i regionen med song og føredrag, i kombinasjon som variasjon over eit tema. Av og til også med større eller mindre utstilling i bagasjerommet.