Beiningen før i tida

Etter mykje att og fram for å få detaljane på plass på dette maleriet, blei konklusjonen at motivet er frå 1955. Det er mala etter ei teikning laga av Johannes Falnes.

Maleriet er 40×30 cm. Utvendige mål inkl 2 cm ramme: 43X63 cm.

Akryl på Fabriano malepapir, kr 2500,-

Nesten 100 år tidlegare – før 1862

Ei tid var det fleire sjøhus i Beiningen enn i 1955 då lostårnet var nytt. på 1800-talet vaks det fram ei heil rekke sjøhus då «nesten alle» tok del i det store sildefisket. Men brått, på ein dag, i 1862, blei 11 av sjøhusa rivne vekk i ein stor storm. Dette har eg «forska» litt på, og det eg fann står å lesa her:

https://detvareingong.blogspot.com/2022/05/storm-og-flodblgje-pa1860-talet.html

Arnt Nornes leitte fram dei spor som var å finna etter sjøhusa, og rekonstruerte området i ei kolteikning. Med utgangspunkt i denne, har eg laga maleriet:

40×30 cm, i grøn ramme 2 cm, malt på Fabriano malepapir, kr 2500,-

Glimt frå Skudenes

Fleire Skudenesbilde finnest på sida Skudeneshavn i menyen.

Idyll i Naley. Fullt så idyllisk var det ikkje på 17- og 1800-talet då skip som hadde smitte ombord, måtte ankra opp her, i uthamna Naley.

Alle maleria er 18×18 cm, med ramme: 30x30cm. Kr 1500,-. Akryl på Fabriano malepapir.

*

Naley, ca 1860, malt etter ei kolteikning av Arnt Nornes frå 1979. Maleriet er akryl på Fabrianopapir, 30×25 cm, inkl2 cm breid gullramme, kr 1400,-.

Lys

Dei første paraplyane malte eg då krigen trua i Ukraina. For meg blei det symbol på vern. Ei bøn om fred. No måtte det ei ny rekke på lerretet!

20×60 cm, kr 1800,- akryl på lerret. seld

*

Akryl på papir, 21×30 cm i sølvfarga metallramme 1 cm breid, 2 cm djup, kr 900,-

40×30 cm, akryl på lerret, kr 1800,- seld

Fleire paraplybilde finnest under «Uselde paraplyar» i menyen. Nokre har ein symbolikk i seg, andre er blott til lyst.

Fjelberg prestegard

Fjelberg prestegard er eit smykke av eit tun. Flotte bygg med lang historie. Søndag 24.8 inviterer Jan Ove og eg nok ein gong til å ta i bruk husa med gudsteneste og påfølgjande kyrkjekaffi med utstilling.

Dette maleriet er nymalt. Ca 65×45 cm, inkl passpartout og brun treramme. Akryl på Fabriano 1264-papir. Kr 5000,-

Vikeholmen fyr.

Vikeholmen fyr, frå baksida. Eller er dette framsida?

Eg har mala dette motivet før, men med blåfargar i botn. Her er utsnittet større, så me ser at sjøen og fjæresteinane er like til høgre, ikkje mange meter frå den frodige blomsterenga. Takk til Margaret Hervik for bruk av fotoet hennar for å laga bildet.

Utvendige mål inkl 2 cm ramme: 43X63 cm, maleriet 29×39

akryl malt på Fabriano malepapir 1264

kr 3000,-

Ut mot havet

Sommar – då går tankane til Høinessjøen og Sandholmen.

Alle desse er malt emd akryl på papir Fibriano 1264.

Nr 1 og 2: Desse bilda er 28×28 cm, med ramme er dei 30×30 cm. Prisen er kr 1200 pr stk, inkl. rammer.

Nr 3.

18×25 cm, med ramme: 32×42 cm, kr 2000,-

*

Nr. 4 og 5.

To bittesmå bilde, 8×8 cm, med ramme 15.×15 cm, kr 500 pr stk.

*

Nr 6

15×15 cm, med ramme: 20×20 cm, kr 500 inkl ramme.

*

7. Ro, 19×14 cm, med ramme: 30×24 cm, kr 900