Det var utruleg sterkt å sjå eitt fly forlata gruppa etter kongens gravferd. Dette er mitt uttrykk der eg prøver å fomidla noko av det same. Og når sommarfuglen er det kristne håpet, forvandlinga til nytt liv, kan det ikkje bli sterkare, tenkjer eg.
PS: Etter litt kluss i innspurten enda dette maleriet opp som to mindre bilde:
24 x 30 cm, ytre mål, kr 800, akryl.
18×22 cm, ytre mål, kr 500,-
Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland
Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk.
Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.
Sjå alle innlegg av Marit Elisebet Høines Totland