Godt nyttår!

Så flott var det i januar 2025. Og i dag er utsikta like fascinerande. Maleriet er 30×30 cm, akryl på linlerret, kr 1000,-

Eg er for tida langt inne i eit bokprosjekt, og har tankane mine på 17-hundretalet, så eg veit ikkje kor mykje maling det blir framover. Men det heng 100 maleri på veggane her, og du er velkommen innom i Eplehagen eller på heimesida her. I menyen finn du dei maleria som ikkje er selde.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.