Vikeholmen fyr.

Vikeholmen fyr, frå baksida. Eller er dette framsida?

Eg har mala dette motivet før, men med blåfargar i botn. Her er utsnittet større, så me ser at sjøen og fjæresteinane er like til høgre, ikkje mange meter frå den frodige blomsterenga. Takk til Margaret Hervik for bruk av fotoet hennar for å laga bildet.

Utvendige mål inkl 2 cm ramme: 43X63 cm, maleriet 29×39

akryl malt på Fabriano malepapir 1264

kr 3000,-

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.