Glimt frå Skudenes

Fleire Skudenesbilde finnest på sida Skudeneshavn i menyen.

Idyll i Naley. Fullt så idyllisk var det ikkje på 17- og 1800-talet då skip som hadde smitte ombord, måtte ankra opp her, i uthamna Naley.

Alle maleria er 18×18 cm, med ramme: 30x30cm. Kr 1500,-. Akryl på Fabriano malepapir.

*

Naley, ca 1860, malt etter ei kolteikning av Arnt Nornes frå 1979. Maleriet er akryl på Fabrianopapir, 30×25 cm, inkl2 cm breid gullramme, kr 1400,-.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.