Lys

Dei første paraplyane malte eg då krigen trua i Ukraina. For meg blei det symbol på vern. Ei bøn om fred. No måtte det ei ny rekke på lerretet!

20×60 cm, kr 1800,- akryl på lerret. seld

*

Akryl på papir, 21×30 cm i sølvfarga metallramme 1 cm breid, 2 cm djup, kr 900,-

40×30 cm, akryl på lerret, kr 1800,- seld

Fleire paraplybilde finnest under «Uselde paraplyar» i menyen. Nokre har ein symbolikk i seg, andre er blott til lyst.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.