Etter mykje att og fram for å få detaljane på plass på dette maleriet, blei konklusjonen at motivet er frå 1955. Det er mala etter ei teikning laga av Johannes Falnes.


Maleriet er 40×30 cm. Utvendige mål inkl 2 cm ramme: 43X63 cm.
Akryl på Fabriano malepapir, kr 2500,-
Nesten 100 år tidlegare – før 1862
Ei tid var det fleire sjøhus i Beiningen enn i 1955 då lostårnet var nytt. på 1800-talet vaks det fram ei heil rekke sjøhus då «nesten alle» tok del i det store sildefisket. Men brått, på ein dag, i 1862, blei 11 av sjøhusa rivne vekk i ein stor storm. Dette har eg «forska» litt på, og det eg fann står å lesa her:
https://detvareingong.blogspot.com/2022/05/storm-og-flodblgje-pa1860-talet.html
Arnt Nornes leitte fram dei spor som var å finna etter sjøhusa, og rekonstruerte området i ei kolteikning. Med utgangspunkt i denne, har eg laga maleriet:


40×30 cm, i grøn ramme 2 cm, malt på Fabriano malepapir, kr 2500,-