Eit av dei maleria som har henge lengst på veggen i galleriet, fekk ny eigar i går. Her er «syskebarnet» til det bildet som flytta ut i går.
Dette er 50×60 cm, kr 2500,-. Det kan setjast i sølvfarga sveveramme (+400,-).
Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland
Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk.
Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.
Sjå alle innlegg av Marit Elisebet Høines Totland