Prøver noko nytt

Kastar meg over ny teknikk: Akryl på lerretsark som kan setjast i glass og ramme. Eg synset uttrykket blir annleis enn med ordinære lerret på blindramme. Men det er vanskeleg å få gode foto av bildet med glass.

Her er dei første forsøka. No skal passportout og rammer haldast inn, for dette var kjekt. Trur eg går for passportout som er litt meir like store oppe og nede.

inkl ramme 30×40 cm, kr 2000,-
Utan glass og ramme
Inkl ramme 18×23 cm, kr 600,- seld

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.