Sommarfuglen er det flottaste symbolet for håp. – Fordi me kan tolka det som me vil. Berre som eit ønskje om betre tider, eller som håp om noko som kjem etter dette livet, det nye livet. Eller er ein kan rett og slett kvila auga på sommarfuglen, fordi han er fin å sjå på.
Diameter 40 cm, akryl på lerret, kr 1800,-50×40 cm, kr 1800,-
Kintsukuroi – den japanske kunsten å reparera med gull, gir ein ny dimensjon til sommarfuglsymbolet.
Diameter 30 cm, kr 1200,-
Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland
Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk.
Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.
Sjå alle innlegg av Marit Elisebet Høines Totland