Det store skøytemaleriet på 150×100 cm er no også i mindre format – som kort.

Ofte strebar ein etter å leggja det viktigaste i bildet i det gyldne snittet, det ein vil at auga skal trekkjast mot. Andre gonger får ein klara seg med eit gyldent tilsnitt.
Det er no ei ny side i menyen; Store maleri. Her vil du finna nye, særleg store maleri og tidlegare maleri av det store slaget.
Sida Skudeneshavn er også oppdatert.
Her er eit av dei siste som fann plassen sin der:
Dette maleriet kan du dra på fisketur med. Det er malt etter sjøkartet, med rette sektorar og grunnar. Grunnane ville eg forresten ikkje stolt heilt på.