Tenk: Festivalkunstnar!

Eg er ikkje lite kry. Eg skal vera festivalkunstnar under Skudefestivalen i sommar. Festivalen er i Skudeneshavn, 4.-7.juli. Og eg gler meg!

Då skal det leigast inn større bil enn me til vanleg har i garasjen, og små og store maleri skal vera med sørover.

Bilda som no ligg under «Bilde til sals» i menyen på sida her, vil framleis vera til sals framover. Men ikkje alle maleria ligg der. Det vil dessutan bli laga mykje nytt framover som ikkje blir publisert før festivalen, slik at det er noko på veggane på Bytunet i Søragadå som er nytt for alle som kjem innom.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.