Fare for liten aktivitet på sida ei stund.

Det nye året har starta med gyldne solnedgangar og kaldt ver. Eg tar meg ein liten tur ut og trekker litt frisk vinterluft – når eg ikkje sit ved datamaskina og søkjer i digitale kjelder. No er det Falnesgarden og husmannsplassane der som er under lupa. Derfor kan det bli lite med nye maleri her på heimesida ei stund framover.

Dette gyldne maleriet er av Varhaugselet, det gamle selet her mellom Valen og Husnes som ein flokk ivrige dugnadsfolk fekk reist for nokre år sidan.

Bildet er 40×30 cm, kr 1000, – (inkl. sølvfarga sveveramme).

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.