Jenta som venta.

40×50 cm , kr 3000, kan setjast i sølvfarga sveveramme

Eg blei inspirert av ein detalj på eit foto frå Sand i Ryfylke, 1903, som blei lagd ut på gruppa Lokalhistorie i Rogaland. Inspirasjonen førte meg hit.

Sidan eg har vore over 100 år tilbake i tid med penselen i dag, kom eg på at kanskje fleire vil lesa dei historiske romanane mine frå Skudeneshavn på 1880-talet. Så eg hiv meg på eit tilbod, ut oktober: To romanar: Alt vel og Tap, kr 300 til saman, inkl porto. Tap, kr 250, inkl porto.

Alt vel handlar om det første islandsfisket, den store stormen som øydela så mykje og dei som gjekk heime og venta, – før det var telegrafsamband til Island.

Tap er ein frittståande oppfølgjar som kom like før jul. I skippergarden i Skudenes styrer Karina. Ein dag dukkar det opp ein mann som skaper trøbbel for henne i kvardagen. Mannen hennar, skipperen, strever med å halda reiarlaget over vatnet, men det skal visa seg at det er andre tap enn dei frykta som skal gjesta heimen deira. Begge bøkene byggjer på arkiv og digitale kjelder.

Send sms til 98060938 og eg pakkar bøker til deg straks.

Pris til vanleg: Alt vel/200,Tap/290

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.