TAP – historisk roman frå Skudeneshavn på 1880-talet.

Når ein er fødd og oppvaksen i Skudeneshavn, er det den naturlegaste saka i verda at ein finn motiv derfrå. Mine maleri som er inspirerte av heimplassen min, ligg under Skudeneshavn i menyen.

Men også pennen lar seg inspirera. Eller skal me seia tastaturet? Det har resultert i ein ny historisk roman, TAP, som no er rykande fersk frå trykkeriet.

Kort fortalt kan du lesa om dette i TAP:

For folk i Skudeneshavn kjem 1880-talet med kraftige vindkast. Samfunnet er i endring, og dei som driv med skip og eksport, må heile tida gjera vanskelege val for framtida.

Ein dag dukkar det opp ein underleg mann på trappa i Skippergarden, der Karina bur med familie og tenarskap. Raskt oppdagar Karina at det slett ikkje berre er det opne havet som kan trua familien og finansane.

Tap er ein frittståande oppfølgjar til romanane  Blåstrømpe (2004) og Alt vel (2016), men den kan også lesast som ei sjølvstendig forteljing

TAP kostar kr 290,-. Eg sender den signert og fraktfritt til deg ved bestilling til post@marittotland.no eller sms 98060938

«Alt vel» handlar om den store stormen på Island i 1884 spesielt råka fiskarane frå Rogaland, og om dei som gjekk heime og venta. Den kan kjøpast for kr 100,- (Kr 200 inkl porto om den ikkje blir kjøpt i lag med TAP.)

Alle tre romanane: Kr 500 inkl porto.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.