Håp?

Det er mørkt i Ukraina.

Det er mørkt i Europa.

Framleis finnest håpet.

Det er ikkje lenger eit håp om at det ikkje må bli krig,

men eit håp om sparte liv, spart liding

og framtidig fred.

30×40 cm, kr 1200

No står nesten heile verda saman. Er det nok til å løfta ut av mørkret?

Seld



Fleire paraplyar finn du under innlegget «Regn» i menyen.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.