Kor er det blitt av isen?

Han er ikkje blid, denne karen. I alle fall er han uroleg. Og spør: Kor er det blitt av isen som var her i fjor?

Bjørnen oppe til venstre er kommen på kort. Korta er 14×14 cm, doble, med konvolutt, kr 30 pr stk). Dei ligg saman med ei rad andre kort under «Kunstkort» i menyen.

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.