Under sørlyset

Livet under sørlyset kan vera tøft. Men pingvinvisdommen reddar liv. Når stormen står på, søkjer alle saman og gir kvarandre ly mot stormen. Og dei skiftar på å stå ytst.

30×40 cm, kr 1000,- seld

Forfattar: Marit Elisebet Høines Totland

Eg bur på Valen i vakre Kvinnherad. Oppveksten hadde eg i Skudeneshavn. Eg er heldig og har eit mangfaldig yrkesliv bak meg, som lærar, leiar og politikar. Familien har vakse seg stor og sterk. Malinga starta eg med i 2006 då ryggen "stengde ned". Etter ein del prøving og prøving og prøving, er eg der eg er no, med 1000 maleri bak meg.