Lengt

Er det dei som kjem? Fiskarane som har vore ute i vekevis. Eller er det berre havet som lurer meg?

Mangfald

4X75x90 cm, kr 5000,- Seld.

Dette bildet har eg bygd opp lag for lag. Hadde ein plan, men ei stund var eg langt frå å nå det. Men så: Ved hjelp av kredittkort som pensel, fall det på plass.

Det kjem no gode framlegg til tittel på Facebook og Twitter, så «Mangfald» står som tittel i påvente av gode framlegg.

Dei to siste åra har eg prøvd meg på abstrakte maleri. Du finn dei her: https://gallerinauthydlaren.blogspot.com/p/abstrakt.html

Under sørlyset

Livet under sørlyset kan vera tøft. Men pingvinvisdommen reddar liv. Når stormen står på, søkjer alle saman og gir kvarandre ly mot stormen. Og dei skiftar på å stå ytst.

30×40 cm, kr 1000,-