Abstrakt raptus

Heile vegen til Kirkenes

Dette maleriet fann vegen heilt til Kirkenes. Ikkje visste eg kven Therese Johansen Ingilæ var, men ho hadde funne maleria mine på Twitter og Facebooksida «Galleri Nauthydlaren», og sende meg ei hyggjeleg melding. Maleriet blei pakka og sendt avgarde. Og det fann vegen heilt fram. Kanskje skøyta hadde vore ved kai i Kirkenes før?

Therese sa at maleriet eigentleg skulle henga på hytta, men fann ut at det skulle få plass på stoveveggen.

På Facebook dukka denne opp og gav inspirasajon til å fortsetja å mala :

Førr bursdagspengan greide æ førr en gangs skyld å lande på nåkka anna enn klær😊 Har kjøpt mitt aller første maleri🥰 Anbefal en titt innom Marit Elisabet Høines Totland si facebookside Galleri Nauthydlaren