

Det ser ut til at det blir lystige paraplyar herfrå i haust

30×30 cm, akryl på lerret i svart sveveamme, seld








Fleire paraplyar finn du på sida «uselde paraplyar» i menyen.
Det var utruleg sterkt å sjå eitt fly forlata gruppa etter kongens gravferd. Dette er mitt uttrykk der eg prøver å fomidla noko av det same. Og når sommarfuglen er det kristne håpet, forvandlinga til nytt liv, kan det ikkje bli sterkare, tenkjer eg.

PS: Etter litt kluss i innspurten enda dette maleriet opp som to mindre bilde:


18×22 cm, ytre mål, kr 500,-

På havet sloss lys og mørkret, der som elles i livet. Dette bildet har eg kalla «Lyset vann» for skipa har lagt mørkret bak seg.
Bildet var ein gong eit bildet av det slaget som hang i mange stover på 60-70-talet, med papirbilde av eit tjern, masseprodusert, med grå treramme. No er det blitt aldeles nytt. Papirbildet er borte og plata blei grunna med mange strok før skipa kom siglande. – Bildet er ei aning mindre gult enn eit foto klarer fanga opp.
77×57 cm, kr 3000, inkl ramme.
Sidan favorittbilda mine er selde, laga eg nye utgåver. Stadig nye, men ingen er like.

*

Ytre mål, 40×30 cm, kr 900,-
*

*

*

Ytre mål 30×30 cm, kr 1000,- seld
Fleire paraplyar finn du under «Uselde paraplyar» i menyen øvst på heimesida.